Kontakt oss

Nærbø Musikkorps

Postboks 238
4367 Nærbø

Tlf: 916 57 366

Ingeborg Sofie Nærland (leiar)

Send epost

narbo.musikkorps@gmail.com

Besøksadresse:

Jadarheim (Jadarvegen 32) på Nærbø

——

For leige av Jadarheim,
kontakt Jan Håland
Tlf: 917 82 502

Klikk her for å se kalender for Jadarheim

Kalender
mars 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Nærbørevyen

 

 

Nærbørevyens historie

Nærbø Musikkorps har dreve med revy sidan 1962, i alt 24 oppsetjingar gjennom 60 år. På dei siste revyane har me hatt 13 utselde forestillingar, kor det kjem over 3000 tilskodarar frå heile sørfylket.  Revyen vert oppsett kvart tredje år, og medlemmane i korpset står for heile arbeidet sjølv.  Dette gjeld alt frå ide, skriving, scenearbeid til framføringa.  På dei siste revyane har me hatt innleigd regissør med oss og eit par musikarar.  Revyen har alltid hatt framsyningane på Jadarheim, korpset sitt eige hus.

Den første revyen starta så smått i 1962.  Det var mest med tanke på ekstrainntekter til korpset, at ein byrja å tenkja på å ha ei forestilling.  Tryllekunstnaren «Nairello» skulle koma til Nærbø og ha eit show på Jadarheim.  Då spurte korpset om han ville ha eit innslag i ei forestilling til inntekt for korpset.  Dette ville han og frå då av var Nærbørevyen eit faktum.

Den neste forestillinga var eit år etter, med skøyaren og hardingfelespelaren Ivar Medås, som gjesteartist.  To år etter oppstart, i 1964, hadde korpset den første komplette revyen framført, utan gjesteartist.  No hadde ein også oppretta ein eigen revykomitè, som sjølv stod for det meste av tekstane.  Desse var Svein Inge Årrestad, Kåre Håland, Einar Lea og Alv Tengs Zachariassen.

 

 

 

lik oss på facebook

 

 

 

 

 

 

Nærbørevyen hadde i starten ny revy kvart år, med stadig auke på billettsalet som krevde fleire forestillingar.  Det som i frå starten av var meint å vera ei ekstrainntekt hadde vorte ein stor suksess.  Det var faktisk skapt ein revyfeber på heile Jæren, frå Eigersund til Stavanger.  Dette førte også med seg større forventningar til revyen, noko som resulterte i meir arbeid både med førebuing og framføring.  Frå 1968 gjekk me difor over til å ha revy kvart andre, og seinare, kvart tredje år.

 

 

 

 

 

1981 er rekordåret for Nærbørevyen.  Heile 21 forestillingar vart sett opp, med 5200 tilskodarar i alt.  Dette vart for krevjande for mannskapet i korpset.  Ein var difor glad for at også andre revyar hadde dukka opp, inspirert av Nærbørevyen sin suksess.  Eit godt revymiljø var skapt på Jæren.

 

 

 

 

 

 

 

Eit av kjenneteikna til Nærbørevyen har vore mykje god song og musikk.  Dette er naturleg, så lenge det er eit korps som er aktøren.  Mang ei god vise har vorte sungen frå scenen på Jadarheim.  Mange av desse visene lever vidare som folkeeige på Jæren.  To særleg kjende viser er den populære Jærsongen, «Heim te Jæren» av Svein Inge Årrestad og «Jæren, Jæren» av Alv Tengs Zachariassen.  Begge desse vart skrevne til Nærbørevyen i 1989.

Eit fast innslag i revyen er at heile korpset har eit stort musikknummer. Å klemma inn 60 musikantar i ein fullsett sal på Jadarheim, kan virka ganske ambisiøst.  Men dette funkar veldig bra, og har eit heilt spesielt musikalsk stemningsutrykk med seg.  Mykje lyd og mykje liv.

 

 

Eit anna fast innslag var konferansier. Svein Inge Årrestad var i 55 år den som samla trådane i forestillinga, på sin eigen humoristiske måte. Alltid ikledd stilig «kjole og kvitt», med jærsk humor og gode replikkar, skapte han ei spesiell stemning i salen. No er revyen modernisert, utan konferansier og Liv Margot Sviland leder gjengen som regissør.

 

Nærbørevyen har eksistert i 60 år.  Frå den spede begynnelse, med ei framsyning i 1962, til tretten fullsette salar, som det har vore dei siste åra.  Revyen er ein viktig del av korpset sin aktivitet og me gjer oss ikkje med det første!

 

 

(klikk på bildene for større versjon)