Kontakt oss

Nærbø Musikkorps

Postboks 238
4367 Nærbø

Tlf: 400 37 894
Rita Håland (leiar)

Send epost

Besøksadresse:

Jadarheim (Jadarvegen 32) på Nærbø

------

For leige av Jadarheim,
kontakt Gaute Hegrestad
Tlf: 915 31 572

Kalender
oktober 2017
M T O T F L S
     
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Korpset

Nærbø Musikkorps blei starta opp under krigsåra, i 1942. Dei første åra spela korpset bare til underhaldning og på korpset sine eigne basarar, men kom endeleg fram i lyset i samband med frigjeringa 8. mai 1945.

Korpset starta opp som eit messingorkester, med ei besetning på 14 medlemmer.  Dei kalla seg Nærbø Ungdomskorps.

Svein Inge Årrestad har vore med sidan starten og spelar framleis aktivt i korpset!

guttekorps1951

Nærbø guttekorps frå 1951
(klikk på bildet for større versjon)

Gjennom tida har me etterkvart utvikla oss til å verta eit janitsjarkorps, med både messing, klarinettar, saksofonar og fløyter.

I Nærbø musikkorps er dei fleste medlemmane frå Nærbø, men me har òg medlemmar frå andre delar av kommunen, så vel som andre kommunar.  Me har stor spreiing i aldar på medlemmane, frå 16 til over 80 år.

I tillegg til å spela 17. mai på Nærbø, har korpset som oftast ein konsert på våren og ein på hausten.  Me er med på Jærstemnet og har andre ulike speleoppdrag rundt i distriktet.  I 2005 hadde me 17 speleoppdrag og 12 i 2006. I 2007 hadde me 12 speleoppdrag og i 2008 hadde me og 12 speleoppdrag i tillegg til 13 forestillingar med revy.

Nærbø Musikkorps har også ein annan lidenskap, nemleg revy.  Kvart tredje år dreg me igang Nærbørevyen, der alle medlemmer er aktørar, meir eller mindre.  Me utfører heile arbeidet sjølv, frå ide til nummer på scenen.  Dette inkluderar skriving av tekstar, organinsering av rekvisittar, lys og lyd og alt anna som fylgjer med ei slik oppsetting.

Nærbørevyen er eit høgdepunkt for medlemmane, så vel som bygda og heile Jæren.alle-revy

(klikk på bildet for større versjon)