Kontakt oss

Nærbø Musikkorps

Postboks 238
4367 Nærbø

Tlf: 916 57 366

Ingeborg Sofie Nærland (leiar)

Send epost

narbo.musikkorps@gmail.com

Besøksadresse:

Jadarheim (Jadarvegen 32) på Nærbø

——

For leige av Jadarheim,
kontakt Jan Håland
Tlf: 917 82 502

Klikk her for å se kalender for Jadarheim

Kalender
mars 2023
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Nærbørevyen 2008

Faksimile av omtale i Stavanger Aftenblad 3. mars 2008

Gjengitt omtale av revyen, skrevet av Reidun Gudmestad for Stavanger Aftenblad

NÆRBØ: Første Nærbørevyen var i 1962. Med den 20.revyen har Nærbø Musikkorps gått inn i den nye tida. Det gjer dei med stil.
Profesjonelle revyartistar frå byen har litt å læra av Nærbø. Det skal noko til å halda trøkket gjennom 20 revyar, sjølv om det har gått 46 år frå den første. Nærbø Musikkorps har ikkje berre greidd det. Dei har også fornya seg.

STEMNING: Dei startar stemningsfult med korpset plassert rundt i salen og Lord of the Dance. Og dei roar ned med nydelege viser frå tidlegare revyar, sjølvsagt klassikaren Heim til Jæren aller sist. Mellom der er fylt opp med lått og løye, gode poeng, speleglede, livsglede og talent.

DRIV:  Det er driv i framføring og skifte. Det er god musikk og sang. God veksling mellom lokalt og allment stoff. Nokre litt langtekkelige nummer snik seg gjerne inn i lokalrevy. Kråkeskogen er einaste eksempel denne gongen. Ordførarvisa er god. Men kanskje er dei Nærbø så glad i sin eigen ordførar at den vert litt for snill?
Blandinga av nytt og gammalt er god. Gammalt radl frå sjukeheimen er til dømes plukka fram igjen og er like god som sist.

KVINNER: Fornyinga har skjedd utan at musikkorpset har gitt slepp på seg sjølv. Den er gjort med respekt for dei gamle, som framleis gir og tilfører svært mykje. Og den gir rom for dei nye.
43 personar har oppgåver i revyen, på, bak og framfor scenen. 24 av dei er kvinner. I nummeret Rumpa mi er 15 av dei på scenen.
Det har tatt si tid for kvinnene å få den plassen i Nærbørevyen som dei fortener.
No er dei der for fullt, og fullt på høgde. Til dømes er eitt av høgdepunkta Rakkarungane med Liv Margot Sviland og Siv Hauge. Dei to ”barnehagebarna” filosoferer over viktige tema som ”lebser” og homoar, kor barn kjem frå og økologi. Dei gjer det svært bra!
Nærbørevyen er framleis typisk lokalrevy. Men fornyinga har gitt dei eit løft. For første gong har dei engasjert koreograf. Det viser. Som vanleg har dei utfordrande nummer. Frekt. På grensa, men ikkje over. Her kan alle kosa seg.
Og til slutt:   Du kan sjå Nærbørevyen utan å bli forstyrra av folk som stadig meir høglydt rassar fram og tilbake etter påfyll i glasa. Kaffi og heimebakst frå skulekorpset er serveringa der. Så bra!

 

Faksimile av stemningsrapport i Jærbladet 3. mars 2008

http://www.jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=17&I=24553&D=2&mid=21

 

Faksimile Jærbladet onsdag 13.februar 2008

http://www.jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=15&I=24331&D=2&mid=19

 

Faksimile Stavanger Afteblad fredag 22. februar 2008

http://www.aftenbladet.no/lokalt/article600320.ece