Kontakt oss

Nærbø Musikkorps

Postboks 238
4367 Nærbø

Tlf: 400 37 894
Rita Håland (leiar)

Send epost

Besøksadresse:

Jadarheim (Jadarvegen 32) på Nærbø

------

For leige av Jadarheim,
kontakt Gaute Hegrestad
Tlf: 915 31 572

Kalender
oktober 2017
M T O T F L S
     
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Jadarheim

Jadarheim har vore Nærbø Musikkorps sin «heim» sidan starten på 1960-talet.

Huset er opprinneleg bygd i 1924.  Det var losjen «Jadar» av IOGT som starta arbeidet med å få sett opp eit nytt forsamlingshus.  Det var i bygda eit stort behov for dette, då bedehuset var det einaste forsamlingshuset på den tida.  Her var det restriksjonar for kva ein kunne driva med.

For losjen var det eit problem at ein ikkje kunne ha skodespel og leik, med såkalla «turdansar».  Dette var eit viktig element for losjen sitt arbeid med å skapa eit godt og aktiviserande miljø for ungdom.  Også andre lag og foreningar ønska seg eit tidsmessig hus og var med og bygde eit stort og flott forsamlingshus til å vera på denne tida.

I 1917 gjekk startskotet med ein stor basar, og sju år etter stod bygget klart, med scene og vaktmeisterhybel klar til å ta imot mange slag aktivitetar.  Bygdafolket la ned eit stort dugnadsarbeid, som gjorde at folk oppfatta bygget som det me i dag kallar eit samfunnshus.  I 1947 vart bygget modernisert, med amfigalleri og nytt utstyr til kinoframsyning.  Seinare har ein fått moderne kjøkken og toalettannlegg.

Jadarheim har vore arenaen for Nærbørevyen i alle år.  Fleire andre har vore innom scenen der.  Dette ser ein godt når ein sit i salen på Jadarheim.  Der heng annonseplakatar til revyar og show frå fleire titals år sidan.  Alle med nasjonalkjende aktørar.

I 1997 overtok Nærbø Musikkorps Jadarheim.  Dette skjedde ved eit nært samspel mellom IOGT, kommunen og korpset.  Alle såg den store betydninga av å bevara Jadarheim for framtida.  Ingen stod nærare til å gjera dette enn musikkorpset, som hadde vore aktive brukara av det i nærare 40 år.  Nærbø Musikkorps har sidan dette oppgradert og modernisert Jadarheim, både på utsida og innsida.  Sjølvsagt alltid med målet å bevara det gamle frå 1924.

Alle som ønskjer kan leige Jadarheim.  Lokalet har sal med amfi, scene, garderobar og kjøkken.  Det passar like godt til åremålsdagar, konfirmasjonar, vennefestar, som til konsertar og andre framsyningar.

11021441_427172517459806_2753203815579011499_o

   IMG_7653

Leige Jadarheim?

Har du behov for lokalar til oppsetningar, konsertar eller private selskap kan du leige Jadarheim.

Ta kontakt med Gaute, så får du eit flott lokale!!

Gaute kan nås på telefon:

915 31 572 eller på mail: gauteheg@hkabel.net